Hopp til innhaldet

Røishågå i Flatmo

Ny mold på gamle røt

Eit småbruk i Lom, 612 meter over havet. Garden stod utan fast busetnad frå 1970. No bur det ein familie på fire her att, og stein for stein, stokk for stokk blir han sett i stand.

Ny mold på gamle røtTlf. 971 56 502Røishågå iFlatmo612 moh

Ein hage av stein

Røis
røysei steinrøys, ein haug med stein
hågå
hågåhagen, den inngjerda marka

Røys er ei steinrøys. Hågå er hagen. Namnet fortel om ein gard der det alltid har vore meir stein enn mold, og om folk som har fått noko til å gro likevel.

Etter femti år utan fast busetnad tok ein familie på fire over. Sidan har dei sett i stand husa, bygd opp att og dyrka. Steinen som kjem opp av jorda, blir til murar og bed, og det som finst rundt garden, blir teke vare på og brukt att.

Før · Fråflytta
No · Sett i stand

Det som gror her

Grønsakshagen er bygd opp frå grunnen, i høgbed og rader mellom steinane. Grisane har eige hus og uteområde i skogkanten.

Til sals frå garden

Ring eller send SMS til 971 56 502 for å bestille, så avtalar vi henting. Betaling på nett kjem.

Følg @roishaga på InstagramSjå alle varene

Grønsakbed med gulrøter og solsikker

Låven

Låven er om lag hundre år gamal. På sikt skal han bli eit lokale for konsertar, viser og lyrikk, med gammal musikk og nye ord under det same taket.

Der det har vore stilt i hundre år,skal det bli song att.Fela, visa, ordet,og ljoset over tunet ei sommarnatt.

Arrangement

Ingen arrangement er sette opp enno. Når låven opnar, kjem programmet her.